DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel Partner Arrigoni
......................................................................................................................
Arrigoni SpA er ein fullskala produsent av tekstilar til jordbruket, frå agrylduk og jorddekke, til vindnett og bærnot.

Selskapet har, saman med sitt søsterselskap Sachim, to produksjonslinjer hjå Uggiate Trevano/Bizzarone (Como) og Putignano (Bari), eit produksjonsareal på over 70,000 m2. Produksjonskapasiteten er på over 3000 tonn årleg, tilsvarande 42 millionar m2 dekkemateriell. Selskapet har 100 tilsette.
Innan sektoren jordbruk, tilbyr Arrigoni eit spekter av nett til klimakontroll (anti-hagl, vindnett, skygge-nett), så vel som biologisk kontroll (insekt-nett, fuglenot).
Arrigoni netting er og å finne innan andre bransjar, til dømes bygg, idrettsarenaer, hage med meir. Fabrikkane ligg landleg til, og respekten for miljøet og ein miljøvennleg produksjon er i sterkt fokus.

Nettverket av forhandlarar dekker det meste av verda, ein garanti for at tilbakemeldingar frå alle produsentmiljø blir formidla attende til fabrikken, og forbetringar og utvikling av produkta kan føregå kontinuerleg.
I heimlandet Italia, er Arrigoni markedsledar innan sektoren, og firmanamnet er synonymt med høg kvalitet og funksjonelle produkt.

Arrigoni SpA blei etablert i 1936 takka være entreprenørskapen til Giovanni Arrigoni - og er fortsatt drifta av hans etterkommarar. Selskapet sitt hovudkontor ligg i Como provinsen, velkjent sidan tidleg 1900-tal for sin produksjon av tekstilar i topp kvalitet.
Tekstil produksjonen i Como provinsen er fortsatt i toppsjiktet, både i Italia og på verdensbasis, med sin høgteknologiske og miljøvennlege profil.

Alle produkta bestiller du på www.hagebutikken.no
Arctic Tunnel

Create your badge