Våre Tenester
..............................................................................................................
Etter fleire ti-års erfaring med grønnsaker, frukt og bær, og mange års erfaring i bruk av tunnel til dyrking av frukt og bær, har vi fått mykje kunnskap og funne mange praktiske løysingar, noko vi gjerne deler med våre kundar.

Produktutvikling er noko vi held på med kontinuerlig, enten det gjeld våre Arctic tunnelar, opplegg for vatning, og ikkje minst dyrking av bær og utnytting av råvarene.

Vi har brei erfaring med fleire viktige kulturar innan hagebruk, og bistår gjerne våre kundar med planlegging av etablering og utvikling.

Våre tunnelar, og utstyr forøvrig, er under stadig utvikling, og vi prøver alltid å tilby det siste og beste av det markedet kan tilby. Det omhandlar blant anna å finne beste løysing for konstruksjon av sterke tunnelar, tilpassa den enkelte byggeplass, og prøve ut det siste i plastfolie som vår leverandør til ei kvar tid tilbyr.

Vi har eigne montørar som gjerne hjelper deg med montering eller flytting av tunnelar, enten åleine, eller saman med deg og dine arbeidsfolk. Vi bistår og gjerne i planlegging og montering av tunnelfelt og vatningsanlegg.

DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel

Create your badge