Planlegging av tunnelfelt
..............................................................................................................
Når du skal planlegge eit tunnelfelt, er det viktig å ta hensyn til plassering i landskapet, naturleg vindværn, korleis jorda er på byggeplassen, og muligheitene for montering av for eksempel vindnett eller anna le mot vinden.

Det er og viktig å tenkje over kva som er hovudhensikten med tunnelane, å framskunde modning, å forsenke modning, eller berre å gi avlingen ly mot vær og vind.
Med bakgrunn i dette vel ein så kva type tunnel og kva slags plast-type som skal nyttast.

Når det gjeld bygging av tunnelar, er praksisen for byggemelding varierande i dei enkelte kommunar og fylker.
Det er difor viktig å kontakte lokale myndigheiter vedrørande korleis ein skal gå fram.
Det er vanlegvis ikkje krav om teikningar på denne typen byggeprosjekt, kun innteikning av feltet på kart.

Når det gjeld finansiering av tunnelar til produksjonar innan grønt sektoren, yter vanlegvis Innovasjon norge støtte til slike prosjekt.
Også her varierer omfanget av støtten frå fylke til fylke, og det er viktig å involvere IN så tidleg som mogeleg i prosjektet.

Utover dette er det og vanleg i enkelte kommunar å gi støtte til denne typen prosjekt gjennom næringsfondet.
Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om kva dei kan tilby.

Det er etterkvart også etablert forsikringsordningar for tunnel, men desse synest å være kostbare.
Sjekk med ditt forsikringsselskap kva dei kan tilby.

I alle tunnelfelt vil det være behov for vatningsanlegg.
Be oss om ei skisse basert på ditt tunnelfelt, så lagar vi ei skisse på korleis det kan løysast.

Kontakt oss gjerne dersom vi kan bistå i planlegginga eller søknadsprosessen.
DET STERKE ALTERNATIVET
Arctic Tunnel

Create your badge